Tilskuddsportalen er nå tilgjengeleg

Tilskuddsportalen er eit digitalt oppslagsverk, der du finn oversikt over vel 2700 ulike tilskot- og støtteordningar. Portalen er nå tilgjengeleg i Etne kommune og er gratis å bruka. 

Framsida til tilskuddsportalen - Klikk for stort bilde

Det er to portalar; ein for frivillige i lag, foreiningar og organisasjonar og ein for tilsette i Etne kommune. For frivillige i lag, foreiningar og organisasjonar er det i hovudsak medlemmer av styret som får tilgang. 

Onsdag 13. mars blir det kurs i bruk av Tilskuddsportalen, kurset er digitalt og skjer via zoom. For lag og foreiningar vil det, i tillegg til å lære om bruken av portalen, også bli tatt opp korleis ein jobbar med søknader. 

  • Kl. 10.00 – 11.00 for kommunalt tilsette
  • Kl. 18.00 – 19.30 for lag og foreiningar

Informasjon om møta og korleis ein loggar seg inn, vil bli sendt ut pr. mail. Forventa du å få mail, men ikkje har fått den, gi tilbakemelding til kultur@etne.kommune.no

Tilskuddsportalen