Tiltak mot rotter

Det er kome inn meldingar om rotteobservasjonar til Etne kommune. Rotter er skadedyr som kan påføre store materielle skader på bustadar, og har potensiale til å spreia sjukdom.

Brett Jordan on Unsplash - Klikk for stort bilde

Alle eigarar og brukarar av eigedom har ei plikt til å førebyggja og iverksette utrydding av skadedyr som for eksempel rotter, om det blir mange av dei. 

Gode råd for å unngå rotter:

  • Ikkje la mat eller søppel ligga utandørs.
  • Bruk søppeldunk og kompost med tettsluttande lokk.
  • Ikkje ha trær og buskar langs husveggen.
  • Klipp graset kort rundt heile huset. Fjern haugar med gammalt lauv 
  • Pass på at dørene kan lukkast tett. Tett hol og sprekker i vegger, vindauge og golv.
  • Tett ventilar og andre holrom.
  • Ikkje oppbevar ved, bildekk eller andre ting langs husveggen. Dette kan gi skjul for dyra

Om rottebestanden er stor, og tiltaka ovanfor ikkje strekk til, kan ein kontakte ein godkjent skadedyrbekjempar for å få hjelp. 

Kommunen ynskjer at gjentatte observasjonar om rotter blir meldt inn. Kommunen kan ikkje gjere tiltak på privat eigedom, men kommunen kan i enkelte tilfelle gi grunneigar plikt om å sanere for skadedyr i henhold til Skadedyrforskriften (Forskrift om skadedyrbekjempelse - Lovdata).

Kommunen gjer tiltak i kloakksystem, og på eigen eigedom etter behov.

Her kan du lese meir om rotter, samt gode råd for førebygging og sanering.


Helsing
Etne Kommune