Tips til trygg bålbrenning på sankthans

Meld ifrå til brannvesenet om du skal brenne sankthansbål.

Det gjer du her: 

Melding om bålbrenning - Etne kommune

Tips til trygg bålbrenning 

  • Det skal peikast ut ein ansvarleg person som er ansvarleg for bålet.
  • Bålbrenninga må skje på ein slik måte at det ikkje medfører fare for brann.
  • Bålet skal plasserast på eit ubrennbart underlag, i god avstand frå brennbar vegetasjon, materiale, bygningar og liknande.
  • Det skal berre brennast tørt trevirke (kvister, greiner og reint trevirke). Det er ikkje lov å brenne avfall.
  • Sørg for å ha sløkkjevatn tilgjengeleg under bålbrenninga.
  • Bålet skal ikkje forlatast før det er fullstendig sløkt. Ansvarshavande har ansvar for å sjå til at dette blir gjort.
  • Brannvesenet kan nekte bålbrenninga om vêrforholda gjer dette naudsynt. Dette vil bli informert om i media samt på våre nettsider og Facebook-sider.
  • Løyve frå grunneigar må innhentast i forkant av bålbygging.
  • Ansvarshavande er ansvarleg for at området ryddast etter bålbrenninga.
  • Hugseregel om nokon skulle brenne seg, 20/20-regelen; hald det brente området i 20 graders vatn i 20 minutt. Søk medisinsk hjelp om naudsynt.