Vårrydding

Bli med og hald kommunen vår rein! Etne kommune vil oppmoda alle lag, organisasjonar og privatpersonar til å gjera ein innsats for å få kommunen vår rein og ryddig. Når vinteren slepp taket kjem mykje rart til syne, og det forsvinn ikkje av seg sjølv. 

Jente plukkar boss - Klikk for stort bilde

Også i år vil Etne kommune i samarbeid med Hold Norge Rent og Friluftsrådet Vest invitera til ryddedugnad i heile kommunen. 
Containerane er plassert: 

  • Skånevik ved Gamleskulen
  • Etne ved Drift- og vedlikehald sitt bygg på Enge
  • Sørstranda grendahus
  • Fjæra kai

Containerane er sett ut og blir ståande ut veke 21. 

Det er fint om du registrerar ryddeaksjonen din på Etne sin aksjon på ryddenorge.no.  Då blir det synleg kor det er blitt rydda, så kan andre gå ein annan stad.  

Me oppmodar spesielt lag og organisasjonar om å skipa ryddelag, alt er kjekkare om ein er fleire saman!