Varsel om planarbeid – Endring av detaljregulering for Skånevik, del 1: sentrum, gnr/bnr 131/171

I samsvar med § 12-8 i Plan- og bygningslova vil me med dette informere om at Omega 365 Areal AS på vegne av Ørjan Mortveit Tveiten varslar oppstart av privat reguleringsendring.

Føremålet med endringa er å regulere for ein einebustad med tilhøyrande garasje på eigedomen.

Planområdet som vert endra er på ca. 570 m2, og ligg nord-aust i eksisterande plan.

Etne kommune har konkludert med at endringsforslaget fell innanfor rammene av det som kan betraktast som ein enkel planprosess utan offentleg ettersyn. Dette gjeld endringar i reguleringsplan som i liten grad påverkar gjennomføring av planen for øvrig, ikkje går ut over hovudrammene i planen, og heller ikkje berører hensynet til viktige natur- og friluftsområde. Det føreliggande varselet må derfor betraktast som einaste moglegheit til å uttale seg før vedtaket vert fatta, jf. plan- og bygningslova § 12-14, 3. ledd.

Sjå vedlagte føresegner og plankart, planomtale og referat frå oppstartsmøtet. Dokumenta finn du også på følgande nettstadar: areal.omega.no/kunngjoringer

For nærmare informasjon kan du kontakte Omega 365 Areal AS på telefon 975 40 000.

Henvendelsar som gjeld planarbeidet kan rettast til:
Omega 365 Areal AS, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller via e-post areal@omega.no
innan 07.06.2024.

Føresegner (PDF, 151 kB)
Planinitiativ Skånevik sentrum (PDF, 537 kB)
Planskildring (PDF, 680 kB)
Referat - Oppstartsmøte (PDF, 2 MB)
Plankart (PDF, 519 kB)

Oversiktskart

Oversiktskart Skånevik sentrum - Klikk for stort bilde

Utsnitt frå gjedande KPA og/eller reguleringsplan:

UTSNITT FRÅ GJELDANDE KPA - Klikk for stort bilde

Reguleringsplan

Reguleringsplan for Skånevik del1 - Klikk for stort bilde

PLanforslag - reguleringsendring

Planforslag - Klikk for stort bilde