Varsel om planoppstart, høyring og offentleg ettersyn av planprogram for kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv

I samsvar med plan- og bygningslova § 11-12 og §11-13 vert det med dette varsla om oppstart av arbeid med kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv for Etne kommune, samt høyring og offentleg ettersyn av tilhøyrande planprogram.

Gutar som spelar fotball og tilskodarar - Klikk for stort bildeFrå Etnecup 2024

Planprogrammet skal gje rammer for arbeidet med kommunedelplanen, og skal avklara korleis plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv skal innrettast, samt omfang og innhald i planen.

Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv skal vera eit styringsdokument for framtidig utvikling og politiske føringar for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. Det er eit krav at kommunen har ein vedtatt plan for å kunne søkja spelemidlar til anlegg.

Eventuelle innspel til oppstart av planarbeidet eller merknader til planprogrammet skal sendast som e-post til post@etne.kommune.no eller med post til Etne kommune, Sjoarvegen 2, 5590 Etne. E-post/brev skal merkast med kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. Frist for innspel og merknader er sett til 10.05.2025.