Vidarefører samarbeidet med Av og Til

Ordførarane i Etne og Vindafjord, Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim og Ole Johan Vierdal, har nyleg signert ein ny kontrakt med organisasjonen Av og Til. 

Dette markerer eit fornya samarbeid med mål om å redusere skadeverknadene av alkohol i lokalsamfunna.

Ved signeringa var også SLT-koordinator Liv Ellen Ebne frå Etne og Av og Til-koordinator i Vindafjord Maren Tjelmeland til stades, saman med representant frå Av og Til, Marte Sletten. I tillegg var politiet og leiinga i kommunane representerte, noko som viser eit breitt engasjement for initiativet.

Dette samarbeidet er ein viktig del av arbeidet med å fremje helse og tryggleik i Etne og Vindafjord, og styrkar innsatsen for å skape eit tryggare og sunnare samfunn for alle innbyggjarane.