Nytt tilbod: Bornekor!

Frå nyttår av kjem det eit heilt nytt tilbod i kulturskulen, nemlig bornekor! 

Me har hatt dette tilbodet i SFO som ei prøveordning i haust og ser det er grunnlag for å starta opp eit tilbod. Monica Bunes har storkost seg med dette og ser verkelig fram til å starta opp dette tilbodet. 

Når? Onsdag ettermiddag 

Kor lenge varer det? Kjem litt an på klassesteg, men mellom 45-60 minutt. 

Kva koster det? Kr. 1000,- pr halvår (2024-tariff)

For påmelding gå til noetne.speedadmin.dk, evt. berre møt opp på time og ta det derifrå.