Grete Maritsdatter

Vår energiske og dyktige teaterlærar Grete Maritsdatter tar elevane med seg og lager feiande flotte teaterframsyningar! 

Når Grete planleggjer teater og framsyning er det alltid med elevane ho har til rådighet i fokus. Saman utvikler de karakterar, plot og manus der kvar og ein får forma si eiga rolle. I dei yngste gruppene er det ekstra fokus på leik, song og alt anna som danner sterke grupper og trygge born.     

Med målretta jobbing samarbeider teatergruppene om å laga til minst ei stor framsyning kvart år med skikkelig lyd, lys og scene. Her får elevane virkelig skina for ein kveld 🤩

Grete har for tida 2 grupper: 

Gruppe 1: 1.-4. klasse. 

Gruppe 2: 5.-10. klasse. 

Her er plass til fleire, så meld deg gjerne på!