Grzegorz Gorczynski

Grzegorz med kallenamn Gregor - eller enno bedre, Lego-Gregor - er Etne sin egen Lego-kjendis og har delteke i Lego Masters på TV2. Han har forvalta karrieren vidare med å reise rundt til kjøpesenter, foredrag, konferansar, team-builing osv. i heile landet for å vise fram egne kunstverk, men først og fremst for å aktivere både born og vaksne og få dei til å skape i Lego sjølv. 

Etne kulturskule trur me er dei første til å introdusere Lego som fast fag i kulturskule, og planen er å ha grupper som går fast over heile året. Lego handler både om konstruksjon, estetikk, kunst, anatomi, kreativitet og skaparglede så dette er ein hobby ein kan driva med i maaange år, noko Gregor sjølv er eit levande bevis på. 

Går du på grunnskulen - meld deg på i dag! Meir info finn du i påmeldingsportalen. 

Noetne.speedadmin.dk