MØTE - FAU Enge skule 17.01.24

Dato: 17.01.24

Tid: kl 19.00 – 21.15

Stad: Enge skule oppe på mellomsteget

Innkalla: Alle FAU representantar 1-10 trinn og rektor. Meldt frafall: Asbjørn. Nina deltok på teams/telefon. Var litt problemer med teknikken, Cecilie beklagar dette.

Sak 1. Ein litt annleis presentasjonsrunde.

  • Me hadde ein runde kor me prata litt meir om fritidsinteresser, jobb m.m enn bare kva ungar og klasse me representerer.
  •  

Sak 2 Informasjon frå og til skuleadministrasjonen.

Frå skulen:          

Sensor toalett kjellar småtrinn: 

  • Det har vore elektrikar inne, så ingen kan slå av lyset på toaletta. 

Lagringsmuligheter for FAU dokumenter: 

  • Det er per no lagra på rektor sitt område. Rektor skal snakke med ledelsen om å lagre det i skulens teams.

Andre ting:     

  • På papiret skal Enge og Skånevik være mobilfrie skuler. I praksis er det ikkje slik. Dette er under arbeid for at det skal samsvare. 
  • Drop sonen er ikkje ferdig. Skulen vil sende ut melding på wisma om kor born kan leverast og hentast.

 

Frå FAU:              

Infofilm:

  • FAU informerer at me faktisk konkret er i gang med planlegging av info film for trygg skuleveg/ ferdsel omkring skuleområde. Marit vil ta kontakt med rektor for å høre kva som er ønskeleg at blir formidla. Meir info lenger ned i referat i sak 6 

Skjermbruk i undervisninga:

  • FAU blei kontakta av Grannar like over nyttår. Bakgrunn for henvendelse: Regjeringa ved statsminister Støre og kunnskapsminister Kari N. Nordtun har nyleg uttalt at det i løpet av 2024 vil bli mindre skjermbruk i skulen. FAU svarte på generelt grunnlag til Grannar, men ønskjer samtidig informasjon om dette.
  • Rektor seier at det er naturleg å vite kva føringane blir før det er aktuelt å gjer noko meir konkret. 

Reklame i undervisning:

  • Me lurer og på om skulen har kjøpt eller har planar om å kjøpe reklamefri eks. you tube abonnement? Hadde elevens papirbøker vore med like mye reklame som på nettet, ville det nok ha utløst protester. (www.barnevakten.no)
  •  Skulen har per dags dato ingen planar om å kjøpe reklamefri eks. youtube. 

Andre ting:

  • Me lurer på status vedrørende bassenget. Rektor opplys at det er bestilt nye varmeelement til bassenget, men det tar visst litt lengre tid enn antatt. Det trengs ei renovering av bassenget, men når det blir er usikkert. 

 

Sak 3. Innmeldte saker frå føresette

Avstemming på søknader om trivselsmidlar

  1. 10. klasse søkt om 4000 kroner til skuletur
  2. 2 klasse søkt om 3000 kroner til karneval

Vedtatt følgende: 

  • 4000 kroner til 10 klasse
  • 3000 kroner til 2 klasse

Allerede innvilga søknad, per avstemming på FAU messenger gruppe 29.11.23: 

  • 3000 kroner til Julebord for 3-4 Klasse

 

Øvrig: Elevar som har arbeidslivs fag har fått i oppdrag å lage ny sandkasse. Derfor er det ikkje aktuelt å søke om sandkasse for mellomtrinn. Skulen vil i lag med elevråd heller vurdere å søke om eks. fleire akebrett.

 

Tilrettelegging av isbane når det er lengre kuldeperioder. Ønskje frå både skuleadministrasjon, føresette og elevar. Det er komt ønske om islagt ballbinge. 

  • Framdrift: Det viser seg at det er mange andre, bla. Etne idrettslag og Jan Terje Rafdal som allereie er i gang med å planlegge eit område til isbane tilknytt kulturaksen. Linda og Asbjørn (vara for Linda) skal være representantar frå FAU og det skal være eit møte allereie fredag 19. januar. 

 

Reglar for det å få reise på skuleturar og utflukter. Kan skuleadministrasjon gi svar på kva som er praksis og kvifor det eventuelt er forskjellig frå skulane og om det er mål om noko lik praksis? 

 

  • Praksis per no, er at skulen prioriterer det som er pålagt av turar. Alle trinna skal få mogelegheit til ei utflukt. Skulane er såpass ulike i størrelse at det vil i følgje skulen være unaturleg med heilt lik praksis. FAU får vurdere om FAU ved Skånevik skule skal kontaktast før neste møte i april.

 

Sak 4. Olaug og Linda informerer kort om arbeidet i gruppa for:

Utarbeiding av plan for det førebyggande arbeidet i tråd med §15-1 i den nye Loven om barnevern. Loven beskriver kommunens ansvar for å førebygge omsorgssvikt. For utfyllande informasjon om bakgrunn for arbeidet: Barnevernsreforma | Statsforvaltaren i Vestland (statsforvalteren.no)

Det er ønskeleg med innspel på korleis situasjonsbilete er i kommunen vår.

  • Korleis situasjonsbilete er i kommunane ut frå eit føresette perspektiv er jo litt vanskeleg å sei. Men, me tar runden og det kjem opp fleire innspel som Olaug vil ta med inn i arbeidsgruppa. 

Blant anna: 

  • Auka reell medverknad, her for føresette i utvikling av tenester og tilbod
  • Informasjon frå hjelpeapparatet kva dei kan tilby både til born og føresette, senke terskel for å ta kontakt
  • Møteplassar både for små og store
  • Konkret tilpassa tilbod frå hjelpeapparatet ut frå behov
  • Bygge kultur på det me å tørre å dele utfordringar, idear og erfaringar med kvarandre/ å dra lasset i lag som foreldre/føresette

 

Sak 5. Økonomi - Linda informerer

  • Linda overtok som kasserer 275000. Det er komt inn 40000 kroner i trivselsmidler frå E-lags fondet.
  • Me har nå 306000 kr på konto. Det er mye av dette som er øremerka skakkeringen og trivselsmidler.
  • Dei 100.000 kroner som vart innvilga til Skakkeringen frå Fond Kraftkontrakten, er ikkje utbetalt. Blir gjort i etterkant av utføring av prosjekt. For meir info om trivselsmidlene, se lenger ned i referat sak 6.
  • Cecilie skal lage oversikt over tildelte midler som skyggeføres.

Status klassekontoar SparebankenVest

  • Alle har oppretta klassekonto som FAU har ansvar for.
  • Linda seier at det er lurt å informere dei ulike trinna at det no er i orden og at dei som ønskjer kan sette inn pengar. 

Sak 6. Status og framdrift arbeidsgrupper

Trygg skuleveg, inklusiv film prosjekt om drop sone/hjartesone (Marit, Olaug)

  • Innmeldt sak frå Kambe velforening. Det er forfatta ein mail til kommunen som sendast frå FAU e-posten. 
  • Når det gjeld film prosjektet, så kan det lages små filmsnutter med informasjon ut til foreldra. Skulen kan fortelje kva informasjon som skal delast ut. Elevane kan også få lov å uttale seg.
  • Filmane bør kanskje komme på fleire språk.
  • Omega design har sagt seg villig til å lage film.
  • Marit og Elin frå Omega design lagar avtale med Rektor.

Uteområde – Skakkeringen ungd. trinn, og ballbinge og litt andre områder på barne- og mellomtrinn. (Siri, Marius, Asbjørn, Laila og Angelica) 

  • Gravinga er på begynt på Skakkeringen.

 

Trivselsmidlar og haldningsskapande arbeid. Tema på dagsorden etter behov i samarbeid med skule, føresette og elevar. (Synnøve, Linda og (Cecilie) 

  • Rest trivselsmidler per 17.01.23: 31000 kroner, minus dagens innvilgning vil det være 24000 kroner igjen av potten. Det er ikkje noko nytt vedrør ande haldningsskapande arbeid.

 

Sak 7. Eventuelt

Kva skal tilbake til klassane av informasjon etter møte:

  • Klassekontaktene må få beskjed om ny klassekonto nr. og oppmodast til å dele dette med resten av føresette.
  • Neste møte 17 april

 

Ref Synnøve og Cecilie