MØTE - FAU Enge skule Dato: 05.09.23

Dato: 05.09.23
Tid: kl 19.00 – 20.45
Stad: Enge skule oppe på mellomsteget
Innkalla: Alle FAU representantar 1-10 trinn og rektor
Førebuing: Lest årsrapport, samt presentasjonsfilm om FAU generelt og vedlegg om rolleforventningar når det gjeld styreverv.

Sak 1. Presentasjonsrunde, informasjon frå og til skuleadministrasjon

Velkommen rektor Nina og nye styremedlemmar. Presentasjonsrunde.

  • Nina fortel om hennar tidligare erfaringar.
  • Stort sett erfaring frå vidaregåande.

 

  • Marit- foreldrerepresentant 3. klasse, Ny i FAU
  • Jorunn- foreldrerepresentant 4. klasse, ny skal inn
  • Angelica- 7.klasse, 2. året i FAU
  • Asbjørn, 9. klasse. Ny i FAU
  • Linda, 2. klasse, 2 året i FAU. Kasserer
  • Cecilie, 5. klasse inn, 3 året som leiar
  • Synnøve, 6. klasse representant, 2. året i FAU.Sekretær
  • Siri, representerer 10. klasse, 3 året i FAU. Nestleiar.

Kort opp summert kva me har fått til i FAU og kva me ikkje har fått gjort. Meir utfyllende ligg i årsmelding.

  • Me begynner å få struktur, tilgjengelege referater, dokumentasjon på kva me gjer.  
  • Målet er at foreldrene skal vite at dei kan sende inn innspel og saker til FAU, kunne engasjere seg.
  • Har hatt innspel til politiske saker, eks SFO ordninga.
  • Trivselsmidla er brukt opp.
  • 9 ulike prosjekter har mottatt midler frå Trivselsmidlene.
  • Det er søkt på 40 000 kr. hos E-lagsfondet til Trivselsmidler.
  • FAU har fått 50 000 til å lage ein info film til elever og føresette om drop sone for avlevering av barn. Det er pengar me ikkje har fått, men som me får ved å lage ein infofilm.
  • Me må gå litt oftare igjennom økonomien. Det har vore litt pengeflyt inn og ut.
  • Uteområdet på Skakke fortsatt under arbeid i lag med mange andre aktører for å få fullfinansiering av prosjektet.
  • Kunstgress i ballbingen ligger litt på vent, venter svar frå driftavdelinga i kommunen.

 

Sak 2 Informasjon frå og til skuleadministrasjonen.  

Frå skulen

  • Noko spesifikt skulen ønskjer at me skal engasjere oss i det kommande skuleåret?  
  • Sykkel blir tukla med og skada opp til fleire gonger. Det er fleire elevar som har opplevd det.
  • Me trur det er 7. klasse som er ramma.
  • Kva kan FAU gjera for å hjelpa til med det?
  • Politiet er informert
  • Rektor held FAU oppdatert i denne saken.
  •  

 

Frå FAU

  • Ønska lagringsplass til FAU`s dokumenter. (Me har google konto, men ønskjer og lagring hos kommunen) Rektor sjekkar dette.
  • FAU som fast punkt på foreldremøter, kan være lurt. Rektor informerer avdelingsleiarane om at FAU ønsker at lærarane gir rom for dette i sakslista på foreldremøtet.
  • Me treng FAU representant frå 1. klasse. Rektor informerer avdelingsleiar om dette, slik at ho kan ta det opp med lærarane i 1. klassene.
  • Visst det er saker frå kommuneplan som FAU kan få gi innspel til, så ønsker me tidlig beskjed om det frå skuleadministrasjonen.
  • Asbjørn og Cecilie blir SU (Samarbeidsutvalgs) representanter dette skuleåret.

 

Sak 3. Møteplan dette skuleåret:

  • 25. oktober kl. 19:00-20:45
  • 17. januar kl. 19:00-20:45
  • 17. april kl. 19:00-20:45
  • 29. mai FAU årsmøte
  • I forkant må det gjerast eit godt forarbeid for å finne nye kandidater til neste års FAU. Foreldrerådet må ta ansvar for dette.
  •  Innkalling til alle føresette 4 veker innan årsmøte.

Sak 4. Satsingar kommande skuleår.

Kva skal me velje og kva har folk lyst å engasjere seg i av saker og tiltak som omhandlar:

 

Pågåande

  • Trafikktryggleik. Dropsone og Hjartesone
  • Uteområde – Skakke, og ballbinge og litt andre områder på barneskulen og mellomtrinnet.
  • Trivselsmidlar, er me komen godt i gong med. Der har potten brukt opp.

Idebank/forslag

  • Foreldrekompetanse (systematisere dette arbeidet noko meir for å oppnå ein viss kontinuitet, tematiske opplegg som for eksempel barnevakten)
  • FAU til stades (eks. fast tiltak ila året som inkluderer føresette, elevar og lærerar. Til dømes julekonsert)
  • Andre forslag?
  • På nettsida foreldreutvalgene.no ligger det mykje forskjellig info.
  • Visst foreldra blir meir engasjerte og det kjem fleire forslag, så skal me lytte til det.
  • Når alle FAU medlemmer er på plass kan det sendes ut via e-post kva medlemmer ønskjer spesielt å engasjere seg i og så tar alle del i det som kjem inn undervegs og leiar delegerer etter avtale med medlemmane. Vidare arbeid neste møte.

 

Sak 4. Eventuelt

Økonomi:

  • FAU har søkt om 340 000 til Skakkeringen fra Kraftkontrakten og 40.000 kr til trivselsmidler frå E-lagsfonet.
  • Kontoen til FAU blir flytta frå Etne sparebank – Sparebanken Vest i sept-okt. Jorunn tek ansvar for dette innan Linda overtar.
  • Eigen sak om økonomi neste møte

Kva skal tilbake til klassane av informasjon etter møte:

  • Siri sender ein mal til FAU representantane, som kan brukast når me skal sende ut informasjon til føresette om status for trivselsmidlene.
  • Me ønsker foreldra si stemme- kva ønskjer dei at FAU kan søke støtte om eller liknande.
  • Frå elevane også, for eksempel frå elevrådsmøte og ungdomsrådet.  

Tilbakemelding til lærarane på ditt klassetrinn:

-              Alle i FAU sender ei tilbakemelding til læraren om at foreldremøte innkallinga må komme minst 2 veker før møte. På den måten er det lettare for foreldra å klare å prioritere møtet. Då tenker me på barnevakt o.l. som må ordnast.

 

Ref Synnøve