Referat FAU møte 05.02.25

FAU-møte Dato: 05.02.25

Tilstades: Marius Lothe, Laila G. Savolainen, Asbjørn Moe, Helene Teigland, Eline Mæland, Hanne Therese Åsbø, Miriam Amdal Haugen (stedfortredar Marit S. Haug), Olaug S. Halleland (referent)

Saksliste:

1. Nytt frå Enge skule, rektor på teams
2. Godkjenning referat frå sist møte
3. Oppfølging saker frå sist møte
4. Oppfølging/kontroll av tilskotsmidlar
5. Årsplan FAU
6. Evt.

Sak 1: Nytt frå Enge skule, rektor på teams

- Samarbeidsutvalgmøter: Er pr. nå ikkje eit aktivt SU. Rektor og kommunalsjef føreslår å ha felles SU-møter på tvers av skulane og barnehagane i kommunen. Presiserer at elevrådet vil vere med. FAU er i utgangspunktet positiv til dette. Komme tilbake til det dersom ein får ein formell henvendelse frå kommunalsjef.

- Elevrådet ønskjer seg isbane på vinteren. Evt. sjå på om det er mogeleg på nye tennisbanen. Er allereie spelt inn i forbindelse med den nye kulturaksen. Etne IL er kopla på med ein representant. FAU har vore i dialog ang. dette tidlegare, men ikkje denne sesongen.

- Elevrådskontakt Hilgjerd har tatt kontakt og spurt om nokon frå FAU kan vere med på eit elevrådsmøte. Elevrådet ønskjer å fortelje litt om seg og eige arbeid samt få nærare kjennskap til korleis FAU jobbar. Ingen FAU-representantar hadde mogelegheit til å stille på dagtid på kort varsel. Asbjørn tar det videre med Hilgjerd om ein kanskje kan få til noko fram i tid.

- Tilbakemeldingar til skulen frå foreldre, besteforeldre etc. at fleire er bekymra for miljøet i sentrum på kveldstid. Skulen har dialog med politikontakten. FAU speler inn om det evt. kan vere mogleg å få politikontakten inn i klassane.

- Bassenget: Trygt helsemessig pr. nå, og temperaturen er foreløpig ok. Rektor har ikkje inntrykk av at det er prioritert i planane til kommunen framover. FAU stiller spørsmål om det er ein plan dersom bassenget må stenge igjen. Det er det ikkje.

- SFO: Spørsmål frå FAU om det føreligg ein årsplan slik barnehagane har. Det skal utarbeidast, og arbeidet er påbegynt.

- Skulefrukt: (Sak frå førre møte). Pr. nå er det ikkje aktuelt. Forholda på skulen er ikkje gode nok, då kjøkkenfasilitetane og lagerrom har behov for utbetring.

- Eventuell skidag ungdomsskulen: Dersom FAU hadde søkt midlar for å få til ein skidag, ville dette vore gjennomførbart for skulen? Rektor er ikkje negativ til det, men må evt. komme tilbake til det dersom det hadde blitt ein realitet.

 

Sak 2: Godkjenning referat frå sist møte

Referat godkjent. Asbjørn tar kontakt med skuleadministrasjonen slik at det blir lagt ut på heimesida.

 

Sak 3: Oppfølging saker frå sist møte

- Kva kan vi forvente av skulen i forhold til deltaking på FAU sine møter. Frå FAU si side er det ønskjeleg at rektor, evt. nokon andre frå skuleadministrasjonen er med på første del av kvart møte – Asbjørn følgjer dette opp vidare.

- Lage ein enkel årsrapport (pr. skuleår) på trivselsmidler – Eline gjer dette.

 

Sak 4: Oppfølging/kontroll av tilskotsmidlar

FAU vil i framtidige tilsagn be om at det sendes inn kvittering i ettertid , og at pengar som ikkje blir brukt til formålet skal returnerast.

Pr. dags dato er det kun utdelt 15 000 kr av årets trivselsmidler. Alle FAU-representantene orienterer på neste foreldremøte at det fortsatt er trivselsmidler å søke på.

 

Sak 5: Årsplan FAU

Pr. nå har vi ingen årsplan i FAU. Dette er noko vi ønskjer å utarbeide, for å sikre kontinuitet, og sette arbeidet i system. Presiserer at det er hensiktsmessig å ha årsplan for eit skuleår. Legge inn frekvensen for møter (5 møter i året), samt rektors halvtime. Bruke malen frå FUG (Foreldreutvalget for grunnopplæringen) – Laila utarbeider til neste møte

 

Sak 6: Eventuelt

Innspel på om det kan vere aktuelt å etablere natteravn, etter saken som rektor tok opp om bekymring for miljøet i sentrum på kveldstid. – Marius kontaktar frivillighetssentralen og høyrer om det evt. er noko dei kan vere med å etablere. Eline tar kontakt med politikontakten. Røde Kors blir også nevnt som aktuell å kople på i forhold til dette arbeidet.

 

 

Møteplan resten av skuleåret 24/25:

· FAU-møte: 30.04.24, kl. 17.00 – 18.30, Medvind sine lokaler

· Årsmøte: 04.06.24, kl. 19.00 – 20.30, Enge skule