Sak 1
Høyringsfrist på Kvalitetsplan 11.11.24. Diskusjon kring tema FAU ønskjer å gi uttaling om. Punkter som kom fram:
· foreldresamarbeid
· spørsmål kring mål om å få ned spes.ped. timar til barn
· korleis heng Plan for førebygging av omsorgssvikt og åtferdsvanskar saman med kvalitetsplan
· BliZ vs. BTI.
Marit utarbeider forslag til innspel, Asbjørn ser gjennom og sender til skuleadministasjon.
Sak 2
Innspel til FAU om at skulen kun har ei symaskin som fungerer. Kan ein bruke trivselsmidler på dette? FAU vurderer at dette kjem under skulemateriell som kommunen bør betale. Innspel om at FAU kan spele inn i forslag til budsjett at kommunen prioriterer innkjøp av materiell til praktiske fag der symaskinar kan vera eit eksempel. Innspel om at Etne husflidlag er eit aktivt lag som skulen gjerne kunne hatt samarbeid med kring det som omhandlar eksempelvis tekstilarbeid. Dei har og ein del utstyr i sine lokaler. Sak vidareførast til neste møte kor rektor er med.
Sak 3
Diskusjon kring deltaking på søknadskurs hjå Medvind. Det kostar 500 kr per pers. å delta for FAU. Ein kunne ha sendt ein til 2 personar. Men mogleg det ville vore lite nyttig for framtida, då det er jamleg utskifting av medlemmer i FAU. Ein ville då etter eit par år uansett ha mista kunnskapen ein eventuelt hadde tileigna seg på kurset innad i FAU.
Tilskuddsportalen. Kjenner til at kommunen er medlem. Mykje nyttig info om kor ein kan søke midler. Laila sjekker med kommunen om FAU kan få brukartilgong.
Sak 4
Skulen er plikta til å delta i FAU-møter. FAU meiner det er viktig med deltaking frå skuleadministrasjonen i forhold til drøfting av enkelte saker. Tilbakemelding frå rektor om at ho kan kun stille på teams på kveldstid, og det er ikkje andre frå administrasjonen som kan stille som hennar stedfortredar. FAU vil legge til rette for at rektor kan delta på teams. Ein vil og undersøke om rektor kan stille fysisk på eit møte dersom det er på ettermiddagstid, dvs. frå kl. 17.00. Neste møte blir på kveld med tilbod om deltaking på teams, møtet etterpå prøver ein å organisere på ettermiddagstid. Asbjørn held dialog med rektor.
Sak 5
Overført til neste møte kor rektor deltek. Bakgrunn for innmelding av sak. Representantar i FAU har over mange år høyrt i foreldregruppa at det har vore stilt spørsmål til kva organiserte aktivitetar som skjer på SFO og kva planar ein har for eksempel for ferie SFO. FAU fekk i vår tilsendt vedtekter og rammeplan for SFO. Der kom det fram at SFO skal ha ein årsplan. Har SFO på Enge skule ein årsplan? Og kunne det vore noko ein sendte ut til foreldra, på lik linje som barnehagane utarbeidar årsplan som ein deler med foreldra?
Sak 6
· Kor kommuniserer FAU. Ulike kanal som mail, messenger og ei facebookgruppe. Mykje aktivitet på messenger. Den kan vera nyttig å bruke for praktiske avklaringar. Men i forhold til saker innad i FAU og svarp å søknadar kring trivselsfond bes det om at ein svarer i mail, då det gjer arbeidet med å ha oversikt og søke opp saker ein har hatt oppe enklare.
· Spørsmål frå 2. klasse om dei på ny kan søke om pengar til tørkeskap? Dette med bakgrunn i at dei søkte til 1. klasse i fjor og det vil bli kjøpt inn og gitt til 1. klasse no. Einigheit om at ein seier nei til nytt tørkskap i 2. klasse. FAU vurderer at ein gav det under tvil til 1. klasse i fjor grunna overgang frå barnehage og meir våte klede. FAU vurderer generelt at dette er utstyr som skule/kommune har økonomisk ansvar for.
· Søknad trivselsfond 1. klasse: 2000 kr. til juleavslutning er innvilga. ‘
· Trivselsfond:
o Melde til Øyvind Brun at informasjon tilpassa dette året blir endra – Asbjørn
o Lage oversikt over kva som er gitt til kva klassar ved årsslutt – Eline
o Prøve å lage fristar for å få inn søknadar til trivselsfond kvartalsvis. Men er romslege om folk søker mellom fristane med tanke på arrangementer.
· Spørsmål frå foreldre om skulefrukt. Sak tas vidare til neste møte.
· Basseng – Det kom lite informasjon. Har inntrykk av at skulen også hadde lite informasjon. FAU ønskjer at skule held ein oppdatert dersom endringar i framtida.
· Skidag – Skulen har ikkje skidag lenger. FAU føreslår at dette er noko FAU kan søke midlar til separat frå trivselsfondet. Dekking av buss, skikort og skiutstyr for eksempel til ungdomskulen. Tas med til neste møte for å høyre om det er gjennomførbart dersom FAU skaffer midler.
· Film om trafikktryggleik. Kva skal den nyttast til. Informasjon til foreldre særskild ved skulestart, men også gjennom året. Avdelingsleiar småskulen skal få lagt ut video på kommunen sine nettsider. Marit skal snakke med Skakke og idrettslaget om dei kan dele det. Marit følgjer opp.
Møteplan resten av skuleåret 24/25:
· FAU-møte: 05.02.24, kl. 19.00 – 20.30, Medvind sine lokaler/Teams
· FAU-møte: 30.04.24, kl. 17.00 – 18.30, Medvind sine lokarer
· Årsmøte: 04.06.24, kl. 19.00 – 20.30, Enge skule