Sak 1 Informasjon frå og til skuleadministrasjonen.
Frå skulen: Mobilhotell kjøpt inn, og vil bli montert i løpet av kort tid.
Frå FAU: Ønskjer rutiner for elevrådet sin medverknad i saker som skal inn til FAU. Ein ting kan vere å hjelpe til med enkel søknad til FAU sitt trivselsfond.
Sak 2. Innmeldte saker frå føresette
· Mobilfri skule
– mobilhotell er på trappene, blir tatt i bruk innan kort tid
· Avstemming på søknader om trivselsmidlar
1. 1. trinn søkt om pengar til tørkeskap
- vedtatt innvilga 4.000,- kr til tørkeskap
2. 7 trinn søkt om 5000 kroner til Olalitur og tiltak i overgang til ungdomskulen
– vedtatt innvilga 4.000,- kr til Olalitur
Sak 3. Økonomi - Linda informerer
- Saldo på FAU-konto pr 15.04.24: kr 300.408,-
- Det er utbetalt trivselsmidlar til 2. og 10. klasse
- Kr 175.000,- er øremerka Skakkeringen
- Kr 7.000,- er øremerka informasjonsfilm «Trygg skuleveg»
- Sjå om retningslinjene til FAU trivselsmidler treng reviderast. Sak til neste møte
- Må jobbes med å søkje om meir midler for eventuelt større prosjekt
Sak 4. Status og framdrift frå arbeidsgrupper
· Trygg skuleveg og informasjonsfilm
- Ein er i gang med filming
- Skal intervjue elevar
- Fokus; drop-sone
· Utarbeiding av plan for det førebyggande arbeidet i tråd med §15-1 i den nye Loven om barnevern. Loven beskriver kommunens ansvar for å førebygge omsorgssvikt. For utfyllande informasjon om bakgrunn for arbeidet: Barnevernsreforma | Statsforvaltaren i Vestland (statsforvalteren.no)
Dette er den første planen Etne kommune har utarbeida under denne overskrifta. Planen skal gi ei oversikt over tiltak og tilbod som bidrar til førebygging, og korleis tenesta samarbeider om dette.
FAU er representert i arbeidsgruppa, frå hhv. Enge skule og Skånevik barnehage. I den forbindelse tok FAU initiativ til å laga ei kartlegging der heimane kunne få seie noko om kva dei kjenner på, kva som fungerer bra, og kor ein kan bli betre. Bakgrunnen for dette var at FAU såg det som viktig at foreldrestemma blei høyrt i dette arbeidet.
Svarfrist for kartlegginga var 10. april. Det var lav svarprosent.
Planen er nå ferdig, og den er laga til politisk sak av kommunalsjef Mona. Satsingsområda i perioden 2024-2028 er:
▫ Samhandling i og mellom tenestene (A)
▫ Samhandling mellom eining – heim og mellom heim – heim (B)
▫ Foreldrekompetanse (C)
▫ Foreldrestøttande tiltak (D)
Når planen er ferdig sakshandsama vil den bli lagt ut på heimesida til kommunen. Då kan ein gå inn der å lesa meir utfyllande om kva dei ulike satsingsområda inneber.
I forlenginga av dette er det også starta eit arbeid der ein vil laga ein tiltaksoversikt/tiltak og tenester for barn og unge i Etne kommune, som skal liggje på nettsida. Denne skal fungere som eit oppslagsverk for kommunens innbyggjarar. Dette er etter inspirasjon frå Stord kommune; Tiltaksoversikt - Stord kommune
· Heilårsområde for isbane
- Det har vore eit møte vedrørande heilårsområde for isbane
- Må forhandla med kommunen om rett tomt
- Må purres på for å kome vidare i arbeidet
· Trivselsmidlar og haldningsskapande arbeid
- Ein må søkje om midlar til trivselsfondet. Sjekke ut aktuelle søknadsinstansar.
- Livsmeistringslære – etterspør om det er eit opplegg rundt dette tema.
Sak 5. Opprette valkomité før årsmøte
- Dei representantane som skal ut av FAU, har ansvar for å få inn ny representant for sitt klassetrinn.
- Verv i FAU, blir bestemt på årsmøte
Sak 6. Evt.
· Etne kommune held på med revisjon av samfunnsdelen av kommuneplanen.
- Kommunedirektøren har introdusert «Etne 2030», ein plan som skisserer korleis kommunen skal effektivisere drifta og balansere økonomien. Det kan påvirke drift av alle tenester, inkludert skule. Er FAU høyrt i denne saka?
- Svømmebassenget er stengt. Kva skjer her framover?
- FAU ber administrasjonen i Etne kommune svare på om dei har tenkt å ta med foreldreperspektivet i desse sakene, og i tilfelle korleis dei vil gjer det.
· Kva skal tilbake til klassane av informasjon etter møte:
- Årsmøte i FAU er satt til tysdag 28. mai kl 19.00
- Oppfordre foreldre til å stilla på årsmøte
Ref Siri